roTEAMnet

Sommerjobb i Veidekke Sogn og Fjordane 2027

veidekke · Førde; Sandane; Sogndal; Volda

Solo formulazione originale; questo è indipendente dall'idoneità professionale. Il lavoro da remoto non implica automaticamente l'idoneità a livello globale o orari flessibili.

Fonte originale: Teamtailor · Pubblicato 2026-09-04 · Ultimo controllo 2026-11-25 23:55 UTC

In sedeLivello non specificatoveidekke

Verifica i requisiti rispetto alla tua esperienza, prepara il documento e conserva l'opportunità nelle tue candidature. Invierai tu stesso la candidatura.

No søker vi studentar til sommarjobb i vår byggverksemd frå juni-august 2027. Vi ser etter deg som studerar relevante ingeniørfag.

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane er ein del av Norge sitt største entreprenørselskap og har ei sterk lokal forankring med spennande bygg- og anleggsprosjekt i regionen. Hos oss får du bli kjent med ei verksemd som kombinerer solid fagkompetanse, lokalkunnskap og høgt aktivitetsnivå – med prosjekt både i drift og på trappene.

Ein sommarjobb hos oss vil gjere deg godt kjent med våre prosjekt. Her får du kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring.

Arbeidsoppgåver du kan få

Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb hos oss. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring. Som sommarstudent skal du bidra med konkret arbeid. Vi ynskjer at sommarjobbstudentane skal bli kjent med vår produksjon og få vere med våre fagarbeidarar på ein eller fleire produksjonsoppgåver. Du vil og kunne få oppgåver og tilpassa ansvar for oppfølging av underentreprenørar, prosjektering og kalkulasjon for å nevne nokre.

I Veidekke jobbar vi med prosjekt og kontrakt heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med svært mange fag og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde, og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at det høyres spennande ut!

Dette ser vi etter hos deg

Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein entreprenør gjer og har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.

Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du veit at løysingar blir endå betre når du løyser dei saman med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2027.

Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører, og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og trivelegaste folk hos oss. Det er difor viktig at du kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommermånader.

Vi gir deg

Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi bruker sommarjobbane til å vurdere eigna studenter til Veidekke sitt program for nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommarjobb er difor både ein lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for utdanningsløp og kor langt du er komt i studiane.

Praktisk info til deg som søker

Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtalt nærare på intervju. Difor er det fint om du har klart for deg kor lenge du kan jobbe og når du kan starte. Vi har avdelingskontor på Sandane, i Førde, Sogndal og Volda, og vi tilbyr sommarjobb ved alle avdelingane. Hugs å skrive i søknaden kor du vil jobbe.

Hugs å fortelle kort om din motivasjon for jobben i søknaden din. Under intervjuet vil du få meir informasjon om konkrete prosjekt. I vår byggeverksemd jobbar du som regel vanleg arbeidsveke (5 dagar i veka) og bur normalt heime.

Søknadsfrist: 31. desember 2026. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar.

Om arbeidsgivaren

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.
Candidati sul sito web originale

Teamtailor

Candidati con un account gratuito

Un account gratuito mostra il link di candidatura originale agli utenti idonei, valuta la tua affinità con l'offerta, la salva nel tuo tracker e consente ad Autopilot di trovare altre offerte simili.

Crea account Accedi

I cookie essenziali supportano la sessione e la sicurezza. Google Analytics e la misurazione pubblicitaria di Meta vengono caricati solo previo consenso specifico. Il testo del CV e i dati di contatto non vengono inviati.

Cookie essenziali · sempre attivi

Sessione, protezione CSRF e preferenze sui cookie. Questi elementi supportano l'accesso all'account e la scelta effettuata in questa sede.

Google Analytics misura le pagine pubbliche e le azioni predefinite previo consenso. Il testo di ricerca, il contenuto del CV, gli ID account e i token di pagamento sono esclusi. L'archiviazione a fini pubblicitari e la personalizzazione restano disattivate.

Con il consenso alle attività di marketing, Meta riceve gli eventi PageView su pagine di presentazione pubbliche selezionate, l'URL della pagina e le informazioni di rete/browser, al fine di misurare l'efficacia pubblicitaria. PageView esclude le pagine di CV, ricerca di lavoro, account e pagamenti. Il matching automatico e la raccolta automatica degli eventi sono disattivati. Meta potrebbe elaborare queste informazioni al di fuori del tuo paese. Il rifiuto non limita l'uso degli strumenti.

Con consenso marketing, Google Ads misura account verificati e acquisti confermati tramite ID anonimo e importo/valuta. Nessun CV o dato di contatto.

Con consenso marketing, Meta può memorizzare gli identificatori dei clic pubblicitari nella pagina di registrazione per attribuire un account verificato successivo. Aprire il modulo non conta come registrazione.

Con consenso marketing, Meta misura anche gli account verificati nella pagina iniziale dello spazio di lavoro tramite un ID anonimo. Nessun CV o dato di contatto.

La tua scelta viene memorizzata per 180 giorni. Puoi modificarla o revocarla in qualsiasi momento tramite le Impostazioni cookie. Il rifiuto dei cookie di analisi non limita gli strumenti di carriera.

Informativa sui cookie